For studentane på første året på Media, IKT og Design og Mediekunnskap har siste månadane handla om praktisk medieproduksjon (fagplan). Dei har laga film og lydproduksjonar, og er no i gong med tekst knytt til nyheitsformidling der målet er å produsere ei nettavis med lokasjonsbaserte(GPS) saker.
Årets kull fekk ei ekstra utfordring knytt til lydopplæringa sidan Høgskulen i Volda i år har valt å satse på Spotify som reklamekanal. Studentane fekk spørsmål om dei ville lage lydreklamar – og tok entusiastisk i mot utfordringa. Det er to studium som skal reklamerast for via Spotify, nærare bestemt studia på sosialfag (Barnevern, Sosionom) og vårt eige Media, IKT og Design. 19.mars var det presentasjon av dei siste fem studentgruppene og tilsaman 10 grupper har vore i sving med reklameproduksjon. Tema og verkemiddel for lydproduksjonane spenner veldig vidt og omfattar både ei scene frå ein gamleheim i 2050, ein folketone med ny tekst, nokre spelar på porno andre igjen spelar på andre strengar. Vi gler oss over å kunne presentere alle dei ferdige produkta her på midlabs.no
Vi har allereie publisert bilete frå litt av kortfilmprosessen, som du kan sjå her: http://midlabs.no/2010/03/kortfilm/
Men nok snakk, her er dei 10 produksjonane:
| Lytt til alle | |
|
| Reklamer for Media, IKT og Design | ||
| 1 | Kongen | |
| 2 | Porno | |
| 3 | Mamma på telefonen | |
| 4 | On location | |
| 5 | Filmavisa | |
| Reklamer for Sosialfag | ||
| 1 | Hjelp Ole | |
| 2 | Min drøm | |
| 3 | På gamleheimen i 2070 | |
| 4 | “He du søkt?” | |
| 5 | Anne Sosialdottir | |
I kveld på Rokken vert årets vinnarar avslørt, ei av reklamene for MID og ei av reklamene for Sosialfag er trekt ut til å gå på Spotify i perioda fram mot søknadsfrist for Samordna opptak (15.april).
Til alle potensielle søkjarar - løp og søk!
OPPDATERING:
Her kan du velge kva for ei reklame du syns er den beste?
Kva er din favoritt, Spotify-reklame?
- On location (50%, 5 Votes)
- Porno (20%, 2 Votes)
- Mamma på telefonen (20%, 2 Votes)
- Kongen (10%, 1 Votes)
- Filmavisa (0%, 0 Votes)
Total Voters: 10
Kva er din favoritt av Spotify-reklamene for Sosialfag?
- På gamleheimen i 2070 (42%, 8 Votes)
- Hjelp Ole (26%, 5 Votes)
- Min drøm (21%, 4 Votes)
- He du søkt? (5%, 1 Votes)
- Anne Sosialdottir (6%, 1 Votes)
Total Voters: 19


by maiken
11 Apr 2010 at 19:54
Den reklamen dere spiller på spotify er sinnsyk dårlig! Helt grusom! Og i tillegg går den vannvittig mange ganger om dagen. helt grusomt. Dere burde absolutt valgt en annen reklame!
by tof
12 Apr 2010 at 13:22
Hei Maiken.
Takk for tilbakemeldinga di, eg som er faglærar i lyd for førsteklassingane har lyst å forklare litt, men mest av alt er eg litt nysgjerrig og vil lære.
Eg reknar med det er reklama for MID du snakkar om? Eg går ut frå det i mitt svar. Når det gjeld sosialfag-reklamene vart dei vurdert av ei gruppe tilsette og studentar frå Institutt for Sosialfag, så eg var ikkje direkte med i avgjerda.
Spotify er nytt for oss
Vi har aldri brukt Spotify til å reklamere og det dukka eigentlig opp ved ei tilfeldigheit i år, men vi tente på idéen og studentane hadde også lyst å prøve. Studentane fekk relativt lite tid på å gjere produksjonane, men vi var alle innforstått med at det var ein lærerik og bra prosess. Vi veit at media er konstant i endring og sjølv om Spotify no har vore her nokre år er det enno noko vi må prøve ut og lære meir om, derfor ønskte vi å utfordre studentane våre på å lage Spotifyreklame og også lære meir om det sjølve. Ut frå dei tilbakemelding har vi no lært at vi må passe på at Spotify ikkje spelar reklama vår for ofte. Takk for den meldinga!
Å velge vinnar – smak?
Du syns at vi burde valt ei anna reklame, og kanskje vert eg enig med deg når vi ser på dette i ettertid. Men akkurat no er eg ikkje enig, eg syns den er god den vi valgte. Men det er greitt at vi er uenige om det. Vi snakkar om smak, enkelte vil like den reklama vi valgte, andre ville like ei anna betre. Vi som bestemte kva for ei reklame som skulle vinne prøvde sjølvsagt å velge ikkje ut frå smak, men frå andre kriterier som vi satte opp. For eksempel vurderte vi lyddesignet, lydkvaliteten(teknisk), om bodskapen kom fram, etc.
No er vel dette svaret meir enn langt nok, så eg skal ikkje kjede alle med meir, men eg legg til ein poll på site’n her no. Hadde vore interessant å hørt kva reklame folk ønskte skulle vinne. Håpar du stemmer på din favoritt der. Og fortsett gjerne å kommentere på bloggen vår, om det er noko du vil vi skal gjere annleis eller om det er noko du saknar her.
Lage sjølv?
Og kanskje har du, eller andre som les dette, ein idé til korleis vi burde gjort det og tid/lyst til å lage ei ny reklame? Sy saman noko, publiser det på Youtube el.l. og legg inn linken i kommmentar-feltet her så skal vi publisere og kommentere. Det hadde vore gøy!
Med helsing
Torbjørn Frantsen
Lyd-lærar for 1.klasse Media, IKT og Design
by Sondre
01 Jun 2010 at 11:06
“Mamma på telefonen” og “hjelp Ole” skilte seg heilt klart ut som dei beste!