I går var det altså MidAwards på Rokken, der studentane på førsteåret dressa seg opp til ein heilaften med feiring av sine praktiske medieproduksjonar. Det heile var godt regissert av arrangørkomiteen og det vart glede og tårer i skjønn forening.

Resultatet frå filmprisane kjem vi på midlabs tilbake til, men vi kan no avsløre kven som gjekk av med sigeren i Spotify-konkurransa som har vore ein del av lyd-kurset til studentane. To vinnarar vart kåra, ei reklame for Media, IKT og Design og ei for Sosialfag(barnevern, sosionom). Juryen for Media, IKT og Design var lærarane knytt til utdanninga og tilsvarande har sosialfag i samarbeid med Høgskulen sitt informasjonskontor sett ned ei gruppe som vurderte forslag til reklamer for deira utdanning. Høyr alle reklamene her.

Vinnar for Sosialfag vart grunngjeve slik:
Teksten i vinnar-reklama er informativ, kort, konsis og får klart fram poenget med reklama tidlig nok til å få klikk på banneret. Reklama er fint balansert i forholdet mellom musikk og stemmebruk, og byggjer på ein melodi som umiddelbart klistra seg fast i hjernebarken på alle som høyrer den. Vinnaren er: “Hjelp Ole!”
Lytt til “Hjelp Ole” her:

Vinnar for Media, IKT og Design vart grunngjeve slik:

Denne reklama greier å fange oppmerksomheita raskt og har dialog som kjem godt fram i lydbiletet samstundes som lyddesignet er rikt og utvdetydig. Ein detalj som å få fram “snakke i ropert” på skikkelig vis er med på å framheve romet vi skal plasserast i. Dialogen får tydelig fram breidda i MID-utdanninga som er det fagmiljøet ynskjer å framheve og gjentek namnet på utdanninga fleire gongar. Juryen er ikkje strålande nøgd med musikken på siste voiceover og der er ein ørliten fade på slutten som bør fjernast, men totalt sett er vi veldig nøgd og imponert over kvaliteten på produktet.

Vinnaren er: “On location!”

Juryane var altså imponerte over kvaliteten på produkta og breidda i dei, særskilt med omsyn til at produksjonane stort sett er gjort i løpet av 5-10 dagar frå idémyldring til ferdig innspelt produkt.

Her er nokre bilete frå utdelinga av Spotify-prisane.